Om Jumana Manna sitt Sebastia, mangfald og retten til å ytre seg
Etter terrorangrepet 22. juli har utruleg mange menneskje jobba for å få reist det nye Regjeringskvartalet. Då eg vitja det nye Regjeringskvartalet fyrste gong var det like mykje for å delta i ein protest mot israelsk avretting av palestinske fangar og gissel, som for å sjå verket i bygolvet av den Berlin-baserte palestinske kunstnaren, Jumana Manna, «Sebastia».
«Sebastia» utgjer bygolvet ved inngangen til den nye A-blokka og regjeringskvartalet som heilskap. Namnet kjem av ein landsby på Vestbredden i Palestina. Landsbyen står på arkeologiske lag tilbake til bronsealderen og er eit av dei eldste kontinuerleg busette stadane i Palestina. Slik rommar Sebastia fleire tusen år med historie og ein mosaikk av kulturar. Regjeringskvartalet på si side er både eit maktsentrum, ein åstad og eit minnesmerke for terrorofra. Samstundes er det ein av dei viktigaste plassane der befolkninga kan ytre seg om og til regjeringa.
Verket er 800 kvadratmeter stort, Manna har utført bygolvet i resirkulert stein donert og samla ifrå heile landet. Alle kommunane i landet vart inviterte til å donere stein til prosjektet. Dei donerte steinane kjem frå meir enn hundre ulike stader i Noreg, representert med bitar frå mellom anna fortau, murar, demningar, kraftstasjonar, kyrkjer, rådhus, skular og gardar. Kunstnaren inkluderer slik ikkje berre geografien, men òg Noreg si historie som nasjon, samtidig som verdien av berekraftig nytting av naturressursar og sirkulær økonomi lyftast fram.
I mosaikken ligg historia til generasjonar, så vel som eit løfte for framtida. Eg las at Mona Pahle Bjerke synst at verket ser for kaotisk ut ifrå bygninga høgt oppe. For meg er det ein styrke ved verket. Verket består ikkje berre av stein, men av ei rekkje invitasjonar og er skapt gjennom meisterleg samarbeid og omtanke for framtid og fortid. Steinane er ikkje tilpassa ein komposisjon. I staden vert mønsteret bestemt av dei donerte steinane si form og historie. Slik regjeringa må tilpasse politikken for å representere ei befolkning som stadig vert meir mangfaldig. Verket minner meg om at eg har ein plass i den norske befolkninga, som skeiv, sjukemeld, overlevande, annleis. Meir enn det tenkjer eg det handlar om at alle er inviterte til å seie si meining her, utan frykt for å verte forfølgde eller straffa. Eg tenkjer at bunad og hijab går godt ilag, kvitlauksånde ikkje finns lenger og at eg kjem tilbake med ropert i handa – til Palestina får sitt regjeringskvartal.

Kjelder:
Bjerke, M.P., (2026). Gull og gråstein i maktens korridorer. Henta 17.04.26 frå https://www.nrk.no/anmeldelser/anmeldelse_-kunsten-i-det-nye-regjeringskvartalet-1.17828398
KORO, (2026). Bygulvet i nytt regjeringskvartal. Henta 17.04.26 frå https://koro.no/prosjekter/bygulvet-i-nytt-regjeringskvartal/
KORO, (2026). Nytt regjeringskvartal. Henta 17.04.26 frå https://koro.no/prosjekter/nytt-regjeringskvartal/
Unesco, (2026). Sebastia. Henta 19.04.26 frå https://whc.unesco.org/en/tentativelists/5718/
Manna, J., (2026). Sebastia. Henta 19.04.26 frå https://www.jumanamanna.com/Sebastia
Bamle, P. & Drønen, O. (2024). Vårt felles steingulv. Henta 19.04.26 frå https://files.cargocollective.com/528515/Morgenbladet-28.6.2024.pdf

Leave a Reply