
«me har alle våre soger.», sa nokon. I utsegna ligg det omsorg, i punktumet; avvisning. eg er interessert i det som bind oss saman.
då eg fann igjen dagbøkene frå barndommen såg eg meg sjølv ufiltrert. ærleg. framand
eg såg kjenslene mine . eg så at dei hadde mønster, rytme og klang som ikkje var knytt til meg – kven eg var, har blitt . dei historiske haldepunkta var mine, formative, private. likevel, dei kjenslesame reaksjonane kunne vore knytt til nokon andre på en annen stad, i ei anna tid, ei heilt anna historie.
dagboka som medium interesserer meg fordi den er brutal, det skjer noko når ein veit at ingen skal lese, lik som når du veit at ingen ser deg – kva gjer du da?
vidare er det noko høgst privat ved dagboka som berre tilhøyr ho. Korleis kan eg med dagboka som råmateriale, og tilhøyrande fotodagbøker bestemte eg meg for å destillere innhaldet til dikt og undersøke om det er mulig å omsetje det hele til et lyrisk verk blottlagt for ord. Prosessen ser eg på som språkleg; dels omsetjing, dels sjangerbytte og det grafiske verket ser eg på som eit dikt.


“Eg vert Ingen” som montert ved Strykejernet Kunstfagskole si avgangsutstilling juni 2022.
eg sett dagbøkene opp mot fotodagbøkene og finn dei innlegga som samanfall, dernest teiknar eg motivet, undersøker korleis storleik, strek, valør og utelating formar beretninga om møter mellom menneskjer. auget som ser eller ikkje ser seg sjølv, den andre. Eg spør kvar eit menneske startar og sluttar eller eit anna byrjer, og gneissningar mellom disse møta. kva skjer med sjølvet under og etter krise?
“Eg vert Ingen” er ei beretning om kroppsleg og sjeleleg integritet.









Leave a Reply